tirsdag 7. februar 2012

Tenkeverktøy

Å bruke tenkeverktøy i arbeidsprosessar og liknande kan vere svært effektiv. Dei fleste kjenner til den kjende metoden der ein teiknar tankekart på papir. Denne måten å arbeide på kan brukast til å ta notat, idemyldre, visualisere og utvikle idear. Når ein arbeidar på papir kan ein oppleve at det blir tungvindt og det er vanskeleg å redigere på tankekartet. Ein kan oppleve at ein får for liten plass, eller at ein vil endre prioritet på nokre av punkta.

Eit godt alternativ til den tradisjonelle å arbeide med tankekart på, er digitale tankekart.  Desse kan enkelt lagrast i elevane sine digitale mapper, slik ein til ei kvar tid har tankekarta samla på same stad. Det har i seinare tid blitt utvikla fleire gode verktøy for interaktive tankekart, blant anna Xmind, Freemind og Mindomo. Som Høiland og Wølner (2007) skriv i boka Fra digital ferdighet til kompetanse bør inngongsterskelen til programma vere lav, og programvarekostnaden på dei aller fleste verktøyprogramma ha ei prisantydning nær gratis (Høiland og Wølner, s. 50) Programma nemnde ovanfor er alle gratis og passar då godt til bruk i undervisningssituasjonen.


Her ser du eit skjermbilete av eit tankekart eg laga i Mindomo då eg arbeida med ei didaktikkoppgåve i musikk. Problemstillinga står i midten og rundt har eg skreve stikkord som eg vil ha med i oppgåva. Ved å arbeide slik får ein enklare oversikt og det er enkelt å gå inn og legge til/fjerne stikkord. Eit stort pluss med Mindomo er at ein enkelt kan samarbeide ved å dele ei lenkje til dei som skal ha tilgong til tankekartet. Slik kan til dømes fleire gruppemedlemmar vere med å fylle inn tankekartet.

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Høiland, T og Wølner, T.A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse (1.utg.) Gyldendahl akademisk