tirsdag 6. mars 2012

Samansette tekstar

Under den andre samlinga i DKL102 arbeidde vi med å lage animasjonsfilm. Dette var eit artig prosjekt, der vi fekk utfordra oss på nye område. Ingen av oss på gruppa hadde laga animsjonsfilm før, men vi er godt nøgde med resultatet.

Før vi kunne byrje å ta bilete til sjølve filmen måtte vi utarbeide eit manus og ein storyboard. Denne prosessen fekk eg diverre ikkje delteke i, men resten av gruppa hadde laga eit godt manus. Slik kom vi raskt i gong med fotograferinga dag to.

Dette var det vi brukte:
-Plastelina til å lage bokstavar o.l.
- Ein liten plastfigur
- Linjal
- Farga papir
- Kamera
- Kamerastativ
- Mikrofon
- MovieMaker

Under fotograferinga av dei ulike "scenene" støytte vi på nokre få problem. Blant anna seig kamerastativet vårt slik vinkelen ikkje vart heilt lik på alle bileta. I tillegg fekk vi litt problem med å synkronisere lyden og filmen akkurat slik vi ville då vi redigerte det heile. Men alt i alt er vi nøgde med resultatet som du kan sjå her:

 

Å lage animasjonsfilm var både kjekt og lærerikt. Vi oppdaga etter kvart kva vi kunne ha gjort annleis, og korleis vi kunna forbetra filmen vår. Dermed har vi lært av våre feil, slik vi kan unngå å gjere dei same feila seinare. Å arbeide kreativt på denne måten er inspirerande og lærerikt. Programmet MovieMaker kan lastast ned utan kostnad og deil fleste skular har eit (eller fleire) digitalkamera som elevane kan nytte. Då er det berre fantasien som set grenser!

torsdag 1. mars 2012

"Heller Facebook enn venner"

Det fins både fordelar og ulemper med å kommunisere med andre digitalt. Sylfest Lomheim er redd denne kommunikasjonsforma skal øydeleggje for den naturlege kommunikasjonen mellom folk, og folk er både einige og ueinige i denne påstanden. I ein video gjort av Nrk ser vi korleis nokre skuleelevar reagerar på denne påstanden. Sjå her.

Som ungdommane i denne videoen seier, bruker ein mykje tid på Facebook i dag. Dei fleste ungdommane som har ein Facebook-profiil er gjerne innlogga fleire timar om dagen. Når datamaskina er på, er ein gjerne innlogga på Facebook også. Og med dagens mobilar kan ein også ta med seg Facebook uansett kvar ein er.

Dei fleste brukar Facebook for å halde kontakt med vener, og å halde seg oppdatert på det som skjer rundt en. I dag vert stort sett alt som skjer oppdatert på Facebook. Kven som har gjort det bra på ei skuleprøve, kven som har tatt sertifikat og kven som reiser vekk i helga.

Dette er ein samtale eg og mamma har hatt fleire gongar:
Mamma: "Har du snakka med Helene i det siste?"
Eg: "Ja, eg snakka med ho seinast i går."
Mamma: "Kor då?"
Eg: "På Facebook"
Mamma: "Kallar du det å snakke med henne?"

Både mamma og Lomheim er skeptiske rundt dette med kommunikasjon på Facebook. Kan ein kalle det å snakke med kvarandre? Korleis kan ein eigentleg definere dette? Som Lomheim seier er ikkje mennesket skapt for å bruke all tida si på Facebook og andre sosiale media. Likevel er han open for at vi kan bruke det som eit reiskap. 

Sjølv brukar eg Facebook til å halde kontakt med vener. Og då helst dei som bur andre stadar i landet, men også verda. Når ein har gått på t.d. folkehøgskule og vore på ulike sommarkurs får ein nye vener og desse bur gjerne langt unna. No har eg blant anna ei veninne i Buenos Aires, ei i Nederland, fleire vener i Russland og venner rundt om i heile Noreg. Sidan vi alle er på Facebook er det enkelt å sjå kva dei gjer på, sende ei melding eller bla gjennom fotoalbuma deira.

Men vi må, som Lomheim seier, passe på at Facebook ikkje erstattar den naturlege kommunikasjonen mellom menneske.