fredag 21. oktober 2011

Biletforteljing

Andre samling av DKL101 handla om Digitale bilete. Vi fekk i oppgåve å gå saman i grupper å skape ei biletforteljing. Michelle, Kamilla og eg gjekk saman og idèmyldra, og Kamilla kom med ideen; dokø!

Vi starta med fotograferinga, eg og Kamilla var fotografar medan Michelle vart den som måtte på do. Etter vi hadde tatt alle bileta la vi dei inn på datamaskina og lasta dei inn i programmet Picasa. Derfrå redigerte vi dei i programmet Picnik som har mange redigeringsmoglegheiter. Vi valde å beskjere bileta og endre farge til svart/kvitt. Når bileta var ferdig redigerte samla vi dei i filmpresentasjonsprogrammet. Der kunne vi også legge til tekst og musikk etter behov.

Her er det ferdige resultatet vårt:


tirsdag 18. oktober 2011

Samskriving - eit verktøy i elev-elevvurderinga

Psykologen Vygotsky var oppteken av at læring skjer i eit sosialt samspel. Det skal vere ein interaksjon mellom individ, og kunnskap vert skapt i samhandling mellom menneske. Han sa også at menneskets levevilkår vil påverke deira tankemåte, og at det er felles eigenskapar i omgjevnaden som gjev menneske ein måte å tenke og til å forstå kvarandre på. Gjennom fellesskapet når ein lengre om ein står saman, enn om ein står aleine. Fellesskapet fortel oss også at dei kollektive prosessane er viktige.

Skulen skal som læringsarena legge til rette for at alle elevar skal verte integrerte menneske og at dei skal verte rusta til livet viare. Elevane skal verte eit samarbeidande menneske. For å nå dette målet er samskriving eit godt hjelpemiddel. Gjennom arbeid med denne metoden vert ein vand til å måtte forhalde seg til ein, eller fleire, medelevar i ei gitt oppgåve.
I arbeid med samskriving kan ein arbeide i små grupper på to, eller i strørre grupper. For å få endå betre utbytte av arbeidmetoden kan ein også trekkje inn elev-elevvuderinga som ein del av arbeidet. Elevane kan då få i oppgåve å vurdere kvarandre sitt arbeid. Då må ein både gi, og ta i mot kritikk, noko som for mange kan vere litt ekkelt og vanskeleg. Difor er det viktig at læraren deler ut enkle og trygge kriterier som elevane skal følgje. Slik vert vurderinga både mindre ekkel og enklare for både eleven som vurderar, men også for eleven som vert vurdert. Den eleven som gir vurdering for også prøve korleis det er å vere i ei lærarrolle.
Mykje av vurderinga i den norske skulen går i dag ut på å fortelje elevane kva dei ikkje kan, i staden for å fokusere på den kompetansen dei har. Difor er elev-elevvurdering eit godt alternativ. Elevane sjølve ser ikkje på vurderinga frå same synspunkt som lærarane, og dette kan vere med å påverke sjølve læringsarbeidet på ein svært god måte, dersom læraren er klar på vurderingskriteria i forhold til læringsmåla.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
 
Lev Vygotskij (2011). Henta 15.10.11, frå http://no.wikipedia.org/wiki/Lev_Vygotskij  

Skålid, Jon O. (2009) La elevene vurdere seg selv. Henta 10.10.11, frå http://www.forskning.no/artikler/2009/mars/216056

    mandag 10. oktober 2011

    Tekst og program

    I dag har vi mange ulike måtar å produsere tekstar på.  Utviklinga skjer raskt, og vi ser at den tradisjonelle papir- og blyant-metoden blir mindre brukt enn tidlegare. Sjølv om mange lærarar framleis svergar til denne metoden ser vi at dei digitale verkemidla kjem sakte men sikkert inn som ein viktig del av undervisninga. Det er utruleg mange ulike program ein kan bruke, men nokre av dei vanlegaste er nemnt her:
    ·         Handskrift – må ha ei leseleg handskrift slik andre på gruppa/lærar enkelt kan lese arbeidet.
    ·         MS Word og liknande teksbehandlingsprogram – må ha grunnleggjande ferdigheiter. I tillegg er desse sjeldan gratis.
    ·         E-post – alle må ha PC. Ein er også avhengig av tilgang til internett.
    ·         DropBox – gratis teneste som let deg enkelt laste opp bilete, filmar og dokument, slik ein lett kan dele det med andre. Avhengig av tilgang til internett.
    ·         Google Dokumenter – må ha google-konto. Eit gratis program som gjer samskriving i grupper enkelt. Kan sjølv velje kven som skal ha tilgang til dokumentet for kommentering/redigering (alt dette vert registrert i ein endringslogg). Delast enkelt ved hjelp av ein link. Eit minus er at ein må ha internettilgang.
    Vi ser klare fordelar (og ulemper) med bruk av digitale verktøy. Og sidan den femte grunnleggande ferdigheita er ”å kunne bruke digitale verktøy”, kjem desse til å verte ein stor del av den framtidige skulekvardagen.