mandag 21. november 2011

Hjelp, eit virus!!

Nei, her er det ikkje snakk om sjukdomsvirus, men om datavirus. Dette er eit fenomen som mange ikkje forstår konsekvensen av, og i skulesamanheng kan det vere vanskeleg å unngå "virusinfeksjonar". Særleg dei yngste elevane har lite kunnskap om kva dette er og faren det medfører.

Eit datatvirus er eit program som kan kopiere seg sjølv. Det må kunne lagre kopiar av seg sjølv slik at det spreiar seg frå maskin til maskin. Når det har spreidd seg til desse maskinene utfører viruset handlingar som sjeldan er fordelsmesige. Ein medstudent opplevde ein gong at dataskjermen hans vart svart, før det kom opp store, grøne bokstavar på skjermen som sa "GAME OVER". Dette vart slutten på maskina og alt som var lagra på den vart borte. Akkurat kva virus dette var snakk om veit vi framleis ikkje.

For at slike situasjonar ikkje skal oppstå er det viktig at ein tek sine førehandsreglar. Ein bør for eksempel aldri la vere å installere eller oppdatere antivirusprogram, og innstallering av brannmur er alltid lurt. Ein bør også vere forsiktig med å opne e-postar og annonser ein ikkje veit heilt kva er. Desse kan ofte innehalde skumle virus.

Elevane som brukar datamaskiner i skulesamanheng bør få innføring i dette med virus frå starten av. Slik kan ein unngå at dei store nettverka av datamaskiner ikkje vert skadde på grunn av "uaktsom" databruk.

Regneark

Denne leksjonen har dreia seg om bruk av regneark. Sjølv har eg aldri brukt dette programmet som ein del av undervisninga i min eigen skulekvardag. Dette har nok mange forklaringar, men det kjem nok mykje av mangel på kunnskap og kreativitet frå lærarane si side. På vidaregåande hadde vi som elevar tilgong til både berbare datamaskiner og Microsoft Excel som ein del av Microsoft Office-pakken, så det var ikkje utstyret det stod på. 
 
På grunn av lite kunnskap har eg no bevega meg ut på utrygg is. Men det hindrar ikkje meg! I tillegg til leksjonane og oppgåvene der, fann eg eit idèhefte til Excel på Norsk Nettskole sine sider. Der låg det mange ulike oppgåver og tips til korleis ein kan bruke dette programmet. Her har eg no leika meg litt med enkle oppgåver for å bli betre kjend med programmet.

Mange trur at ein berre kan bruke regneark i matematikk-faget. Men i følgje Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsløftet (LK06) skal elevane kunne å bruke digitale verktøy, så kvifor ikkje trekke inn regneark i fleire fag? Det er ikkje noko anna enn fantasien som set grensene her. (Iallefall nesten.)

Ofte er kostnadane eit problem. Men som Høiland og Wølner (2007) seier, skal inngangsterskelen til programma skal vere lav og prisantydninga nær gratis. Dermed kan alternativa Open Office Calc og Google Spreadsheet brukast i skulen utan dei store kostnadsutgiftene. 

Sjølv om bruken av regneark i dag er mest aktuell for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, er det ikkje noko i vegen for å ta det i bruk allereie på barneskulen. Ein må bere passe på å ikkje gjere det for avansert. Ein kan for eksempel arbeide med addisjon og substraksjon i matematikkfaget. Men det er ikkje berre i matematikk regneark er aktuelt.

I framadspråk som engelsk og tysk kan ein lage glosetestar. I naturfag kan ein samle informasjon frå ulike forsøk og undersøkingar. Ein kan for eksempel samanlikne befolkning, levealder osv. i ulike land. Kroppsøving er eit fag der det kan verke vanskeleg å trekkje inn digitale verktøy. Men her kan ein bruke regneark til å samle klasseresultat frå ulike idrettsaktivitar som t.d lengdehopp og 60-meter. Ein kan også la elevane lage eigne treningsprogram og la dei følgje eiga utvikling gjennom resultatskriving i dette programmet.

Regneark kan altså brukast til mykje meir enn berre matematikk. Her gjeld det å vere kreativ som lærar, men likevel hugse på at det skal gi meirverdi. Programmet skal integrerast der det kjennest naturleg. For å få til dette må kanskje lærarane våge å sleppe litt av kontrollen?

-------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Excel - Idèhefte, henta 20.11.11, frå http://matematikk.norsknettskole.no/excel/

Høiland, T og Wølner, T.A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse (1.utg.) Gyldendahl akademisk

Grunnleggende ferdigheter for grunnskolen, henta 20.11.11, frå http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=2&v=5

lørdag 19. november 2011

Opphavsrett

Under den siste samlinga arbeidde vi med opphavsrett og personvern i tillegg til bruk av interaktive tavler. I forbindelse med opphavsrett og personvern fekk vi utdelt nokre oppgåver vi skulle gjere.Desse oppgåvene tok utgangspunkt i eit bilete.

Dette er ikkje biletet vi fekk utdelt. Det er også klarert med personane på biletet og fotografen om å få bruke dette som illustrasjon.


Til kvart bilete fekk vi tre scenario: 
a) Sett at du fann dette bilete på ei privat heimeside, synest det var morosamt og kanskje passa det inn som illustrasjon til noko du ville skrive om på nettet.
b) Sett at dette var dine born, men ein annan person hadde teke biletet.
c) Sett at dette var dine born, og du har tatt biletet.

Når det gjeld scenarie a kan eg ikkje publisere biletet utan viare.I følgje Åndsverkloven §43a må eg spørje fotografen om eg kan få løyve til å bruke biletet, då han eller ho har einerett på biletet. Åndsverklova seier at "Den som lager et fotografisk bilde, har enerett til å fremstille eksemplar av det, enten det skjer ved forografering, trykk, tegning eller på annen måte, og gjøre det tigjengelig for allmenheten". (Åndsverkloven 1961 §43a) I tillegg til å få løyve frå fotografen må eg også få løyve frå dei to personane på biletet. Desse er over 15 år, men hadde dei vore under 15 år gamle måtte eg ha prata med foreldre/foresatte om løyve. Dette gjeld også scenarie b.

Når det gjeld scenarie c kan eg publisere bileta dersom dei er under 15 år gamle. Er dei over 15 år er det dei sjølve som skal bestemme om dei vil at biletet skal publiserast.

Uansett om eg har fått samtykke frå både fotograf og dei som er avbilda, vil eg tenkje meg godt om før eg eventuelt publiserar slike bilete. Dagens digitale samfunn gjer det enkelt å publisere bilete, og det er mange som ikkje tek hensyn til det med opphavsrett og personvern.

I skulesamanheng er det viktig å hente inn samtykke frå elevar og foreldre dersom bilete av elevane skal publiserast på skulens heimeside eller liknande. Eit slikt samtykke bør hentast inn ein gong kvart halvår.
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Åndsverkloven (1961), henta 19.11.11 frå http://www.lovdata.no/all/hl-19610512-002.html

fredag 18. november 2011

Biletredigering

I forbindelse med den eine mappeoppgåva vi på DKL-studiet skulle levere inn, skulle vi vise at vi kunne ta i bruk biletredigeringsverktøy. Eg valde å gå ut i frå diktet "Regn" av Sigbjørn Obstfelder, og tok difor bilete av skyene som var heilt fantastiske på himmelen denne dagen.



Dette er biletet eg tok utgangspunkt i når eg skulle redigere.Redigeringa vart gjort i nettredigeringsverktyet Picnik.



Her ser vi at biletet er beskjert for å fjerne tretoppar i bunn og den svarte flekken i det øvste høgre hjørne. I tillegg brukte eg auto-fix som gav biletet meir detaljar og lysare fargar. Til slutt justerte eg også på skarpheita i biletet som gjorde at treet vart mykje skarpare og kom meir i fokus.




-------------------------------------------------------------------------------------------------
Lenkje om du vil lese diktet: http://www.minskole.no/minbarnehage/sh-sv/pilot.nsf/ntr/287FF6C907F9545EC12575AB002CDA28/$FILE/Regn.pdf

fredag 11. november 2011

Lyd som arbeidsmetode

Som musikar synest eg delemnet om lyd var utruleg kjekt og interessant. No har eg lært korleis eg skal redigere lyd i gratisprogrammet Audacity, og har allereie brukt det mykje. Eg har tatt opp meg sjølv når eg har stått på øverommet med ein berbar opptakar. Etter øvingsøkta har eg gått heim og haurt på opptaket. Då har eg lytta og funne ut kva eg kan gjere annleis og betre neste øvingsøkt. Eg har måtta lytta med det kritiske øyret, og har slik vorte min eigen lærar.


Denne arbeidsmetogen kan også brukast i skulen. Spesielt i språkopplæring og lesetrening gir det meirverdi å arbeide med lyd. I staden for å lese lesetestane til læraren eller medelevar, kan eleven no ta opp desse testane. Deretter kan dei lagrast i kvar elev si digitale portefølje. No kan elevane og heimane enkelt følgje med på elevens progresjon. Ved å bruke digitale porteføljer kan ein også opne for elev-elevvurdering som ein del av arbeidet.  

Vi ser også at å arbeide med lyd er med på å stimulere elevane sine visuelle og kinetiske sansar. I tillegg motiverar det elevane og skaper ny lærelyst, sidan arbeidsmetoden er forholdsvis ny og spananade. Alle har forskjellige læringsstrategiar og det fins ikkje noko klart svar på korleis menneske lærer, men vi veit at ved hjelp av lydopptak, musikk, video, skrift, bilete og munnleg framføring kan ein bringe kunnskapen med seg inn i nye læringsprosessar (Karlsen og Wølner, 2006, s.18).

Det er sjølvsagt ikkje berre berre å arbeide med lyd i skulen. For at elevane skal få fullt utbytte av arbeidsmetoden er det viktig at lærarane har den kunnskapen dei treng for å kunne veilede elevane. Difor er det viktig at vi som tek dette DKL-studiet tek vare på kunnskapen vi no sit inne med, og ikkje vert redde for å bruke den når vi kjem ut i undervisninga.
 ------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Høiland, T og Wølner, T.A.(2007) Fra digital ferdighet til kompetanse: om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen (1.utg.) Oslo: Gyldendal Akademisk

fredag 21. oktober 2011

Biletforteljing

Andre samling av DKL101 handla om Digitale bilete. Vi fekk i oppgåve å gå saman i grupper å skape ei biletforteljing. Michelle, Kamilla og eg gjekk saman og idèmyldra, og Kamilla kom med ideen; dokø!

Vi starta med fotograferinga, eg og Kamilla var fotografar medan Michelle vart den som måtte på do. Etter vi hadde tatt alle bileta la vi dei inn på datamaskina og lasta dei inn i programmet Picasa. Derfrå redigerte vi dei i programmet Picnik som har mange redigeringsmoglegheiter. Vi valde å beskjere bileta og endre farge til svart/kvitt. Når bileta var ferdig redigerte samla vi dei i filmpresentasjonsprogrammet. Der kunne vi også legge til tekst og musikk etter behov.

Her er det ferdige resultatet vårt:


tirsdag 18. oktober 2011

Samskriving - eit verktøy i elev-elevvurderinga

Psykologen Vygotsky var oppteken av at læring skjer i eit sosialt samspel. Det skal vere ein interaksjon mellom individ, og kunnskap vert skapt i samhandling mellom menneske. Han sa også at menneskets levevilkår vil påverke deira tankemåte, og at det er felles eigenskapar i omgjevnaden som gjev menneske ein måte å tenke og til å forstå kvarandre på. Gjennom fellesskapet når ein lengre om ein står saman, enn om ein står aleine. Fellesskapet fortel oss også at dei kollektive prosessane er viktige.

Skulen skal som læringsarena legge til rette for at alle elevar skal verte integrerte menneske og at dei skal verte rusta til livet viare. Elevane skal verte eit samarbeidande menneske. For å nå dette målet er samskriving eit godt hjelpemiddel. Gjennom arbeid med denne metoden vert ein vand til å måtte forhalde seg til ein, eller fleire, medelevar i ei gitt oppgåve.
I arbeid med samskriving kan ein arbeide i små grupper på to, eller i strørre grupper. For å få endå betre utbytte av arbeidmetoden kan ein også trekkje inn elev-elevvuderinga som ein del av arbeidet. Elevane kan då få i oppgåve å vurdere kvarandre sitt arbeid. Då må ein både gi, og ta i mot kritikk, noko som for mange kan vere litt ekkelt og vanskeleg. Difor er det viktig at læraren deler ut enkle og trygge kriterier som elevane skal følgje. Slik vert vurderinga både mindre ekkel og enklare for både eleven som vurderar, men også for eleven som vert vurdert. Den eleven som gir vurdering for også prøve korleis det er å vere i ei lærarrolle.
Mykje av vurderinga i den norske skulen går i dag ut på å fortelje elevane kva dei ikkje kan, i staden for å fokusere på den kompetansen dei har. Difor er elev-elevvurdering eit godt alternativ. Elevane sjølve ser ikkje på vurderinga frå same synspunkt som lærarane, og dette kan vere med å påverke sjølve læringsarbeidet på ein svært god måte, dersom læraren er klar på vurderingskriteria i forhold til læringsmåla.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
 
Lev Vygotskij (2011). Henta 15.10.11, frå http://no.wikipedia.org/wiki/Lev_Vygotskij  

Skålid, Jon O. (2009) La elevene vurdere seg selv. Henta 10.10.11, frå http://www.forskning.no/artikler/2009/mars/216056

    mandag 10. oktober 2011

    Tekst og program

    I dag har vi mange ulike måtar å produsere tekstar på.  Utviklinga skjer raskt, og vi ser at den tradisjonelle papir- og blyant-metoden blir mindre brukt enn tidlegare. Sjølv om mange lærarar framleis svergar til denne metoden ser vi at dei digitale verkemidla kjem sakte men sikkert inn som ein viktig del av undervisninga. Det er utruleg mange ulike program ein kan bruke, men nokre av dei vanlegaste er nemnt her:
    ·         Handskrift – må ha ei leseleg handskrift slik andre på gruppa/lærar enkelt kan lese arbeidet.
    ·         MS Word og liknande teksbehandlingsprogram – må ha grunnleggjande ferdigheiter. I tillegg er desse sjeldan gratis.
    ·         E-post – alle må ha PC. Ein er også avhengig av tilgang til internett.
    ·         DropBox – gratis teneste som let deg enkelt laste opp bilete, filmar og dokument, slik ein lett kan dele det med andre. Avhengig av tilgang til internett.
    ·         Google Dokumenter – må ha google-konto. Eit gratis program som gjer samskriving i grupper enkelt. Kan sjølv velje kven som skal ha tilgang til dokumentet for kommentering/redigering (alt dette vert registrert i ein endringslogg). Delast enkelt ved hjelp av ein link. Eit minus er at ein må ha internettilgang.
    Vi ser klare fordelar (og ulemper) med bruk av digitale verktøy. Og sidan den femte grunnleggande ferdigheita er ”å kunne bruke digitale verktøy”, kjem desse til å verte ein stor del av den framtidige skulekvardagen.

    fredag 16. september 2011

    Forsøksinnlegg og presentasjon

    Fyrste samling på DKL101 fekk vi i oppgåve å intervjue ein av dei andre studentane. Eg fekk intervjue Karoline Refvik. Ei kjekk jente som studerar tredje året ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Ho tek i år faga matte, RLE og DKL. Grunnen til at ho valde DKL var at hos synest det verka som eit interesant fag som ho ville få stort utbytte av.