fredag 20. april 2012

Kommentarar


    Dette er innlegg frå andre studiebloggar eg har kommentert: 

    1.      Sosial Web
    o   Sosial Web 1- Ådne sin studieblogg
    2.      Tankeverkty 
    o    Nettbasert tankeverkty - Mindomo Margit sin studieblogg
    3.      IKT og tilpassa opplæring 
    o   Digitale verkty i tilpassa opplæring - Andreas sin studieblogg
    4.      Barn og unge sin digitale kvardag
    o   Læraren - den viktigaste rammefaktoren Margit sin studieblogg
    5.      Samansette tekstar 
    o    Samling 1, animasjon - Andreas sin studieblogg 
    6.      Informasjonskompetanse 
    o   RSS-teknologi og Netvibes - Kamilla sin studieblogg 

    torsdag 19. april 2012

    RSS og podkastar

    I leksjonen om Informasjonskompetanse vart vi introduserte for RSS. Det er ei forkorting for Really Simple Syndication og er teknologi som gjer det mogleg å abonnere på innhald frå ulike nettstadar. Som Ivar John Erdal seier i leksjonen om Informasjonskompetanse kjem innhaldet til deg, slik ein ikkje treng å oppsøkje det. Slik kan ein overvake store mengder informasjon på relativt kort tid.

    Med RSS kan ein blant anna abonnere på nettaviser og bloggar. Dersom elevane opprettar eigne studiebloggar, kan dei deretter abonnere på dei, og slik ha oversikt over nye innlegg som vert publiserte.

    I tillegg til å abonnere på nettaviser og liknande, kan ein også abonnere på podkastar. Nrk har ei rekkje radioprogram som kan abonnerast på. Her finn ein alt frå bokprogram, nyhender, samfunnsprogram og dokumentarar. Sjølv har eg akkurat oppdaga at dette er mogleg, og har no byrja å abonnere på program eg synest er både lærerike og underhaldande. 


    Her kjem nokre døme på kompetansemål der podkastar kan nyttast i arbeidet. 

    Naturfag etter 7.trinn:
    - forklare kva som skjer under puberteten og samtale om ulike kjønnsidentitet og variasjon i seksuell oientering

    Her kan programmet Juntafil takast i bruk. Dette programmet tek for seg spørsmål rundt ungom sin kropp, seksualitet og kjensler, og dei har legar som svarar på spørsmål frå lyttarane.


    Norsk etter 10.trinn: 
    - delta i utforskande samtalar om litteratur, teater og film
    - gjere greie for nokre kjenneteikn ved hovudgrupper av norske talemål
    -  forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske skriftspråk og gjere reie for språkdebatt og språkleg variasjon i Noreg i dag

    Podkastar som Diktafon, Bok i P2 og Språkteigen er alle program som kan nyttast her. NRK skildrar Diktafon som Noregs einaste radioprogram om poesi, Bok i P2 inneheld anmeldingar, intervju og reportasjar om norske og utanlandske bøker og i Språkteigen kan ein høyre om nye og gamle ord, ny forsking og rare språkfenomen.


    Samfunnsfag i vidaregåande opplæring:
    - gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
    - identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader  

    Innanfor dette området finn vi programmet Politisk kvarter som inneheld intervju, kommentarar og analyser. Slik får elevane eit innblikk i dagens politikk i det norske samfunn.

    Her har eg samla døma i Nettvibes, eit program der ein kan abonnere på RSSar. 

    -----------------------------------------------------------------------------------------------------
    Kjelder:

    Kompetansemål:

    Programskildringar er alle henta frå NRK si podkastoversikt: http://www.nrk.no/podkast/

    mandag 16. april 2012

    Gardners intelligenstypar

    I 1983 lanserte Howard Gardner teorien om dei åtte intelligensane. Han meinte at alle har ei rekkje intelligensar som fungerar som inngangsportar til fagstoff og læring. For at ein skal få utbytte av desse intelligenstypane er det viktig at skulens undervisning samsvarar med desse inngangsportane. 

    Dei åtte intelligenstypane er : 
    1.    Språkleg
    2.    Logisk-matematisk 
    3.    Romlig 
    4.    Kropps-kinetisk 
    5.    Musikalsk 
    6.    Sosial 
    7.    Intrapersonleg 
    8.    Naturalistisk 

    I boka  Mange intelligenser i klasserommet av Armstrong fann eg denne tabellen.
    Born som er svært
    Tenker
    Elsker
    Trenger
    Språklege
    I ord
    Lesing, skriving, fortelle historier, leke med ordspill
    Bøker, kassetter, skriveredskaper, papir, dagbøker (…)
    Logisk-matematiske
    Ved å trekke slutninger
    Eksperimentere, stille spørsmål, regne (…)
    Materialer å eksperimentere med, naturvitenskaplig materiell (…)
    Romlege
    I bilder og illustrasjoner
    Å lage design, teikning, visualisering (…)
    Kunst, LEGO-klosser, film, lysbilder (…)
    Kropps-kinetiske
    Gjennom kroppslige følelser
    Å danse, løpe, hoppe, bygge, berøre, gestikulere
    Rollespill, drama, bevegelse, ting å bygge med (…)
    Musikalske
    Via rytmer og melodier
    Song, plystring, nynning, slå takten med føtter og hender (…)
    Samsang, turer til konserter, å spille musikk hjemme og på skolen (…)
    Sosial
    Ved å prøve ut ideer på andre
    Å lede, å organisere, være saman med andre, manipulere, megle (…)
    Venner, gruppeleker, sosiale sammenkomster (…)
                                                                Utdrag frå Figur 3.1:42 I: Armstrong, T (2003) 
    I tabellen ser vi korleis elevar med dei ulike intelligensane tenkjer, kva dei elskar og  kva dei treng. Kanskje er dette noko alle lærarar bør vere merksame på? Ein må også vere merksam på at dei fleste menneske har kombinasjonar av desse intelligensane. 
    Dersom ein skal koble saman desse intelligensane med IKT-verktøy, kan ein få denne lista. 
    1.    Språkleg - tekstprogram
    2.    Logisk - matematisk - rekneark
    3.    Romlig - biletredigeringsprogram
    4.    Kropps-kinetisk - dansematter, Nintendo Wii
    5.    Musikalsk - Audacity, komponseringsprogram
    6.    Sosial - sisal programvare, GoogleDocs
    7.    Intrapersonleg - tankekar, skriveprogram
    8.    Naturalistisk - kart, t.d GoogleEarth 
    ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
    Kjelde:  Armstrong, T (2003) Mange intelligenser i klasserommet. Abstrakt forlag