tirsdag 10. april 2012

Digitale læringsressursar

Det var først då eg kom på vidaregåande skule eg vart kjend med digitale læringsressursar. Desverre var ikkje alle lærarane like gode til å dra nytte av desse, og vi som elevar fann ofte fram til ressursar som høyrde til læreverka våre sjølve. Eit døme er nettstaden Lokus.

Denne brukte vi blant anna i historiefaget. Her låg alle kapitla innlest som lydbok. Dette vart flittig bruk av dei fleste, særleg dei som pendla med buss fleire timar for dag. I staden for å lese på bussen, kunne ein høyre historieleksa. Når vi då kom heim kunne vi setje oss ned å ta til med oppgåvene, anten dei i boka, eller dei som låg på nettsidene.

Musikkfaget var det faget der vi brukte flest læringsressursar. Desse høyrde ikkje til læreverk, men var likevel svært gode i forhold til emna vi heldt på med.  I høyrelære arbeida vi blant anna med gehørtreningsprogrammet Good Ear. Dette er gratis og ein treng ikkje registrere seg for å nytte seg av programmet.

Her nytta vi også metoden "Omvendt undervisning". Her kan du lese meir om dette. Læraren vår filma då ulike foredrag, og laga ulike instruksjonsvideoar rundt ulike tema som vi kunne bruke. Desse vart nytta etter at vi var komne heim, og slik kunne vi halde fram med læringa sjølv om vi ikkje var til stades på skulen fysisk.

Desse arbeidsmetodane har for meg vore både inspirerande og lærerike. Det har vore kjekt tilnærme seg ny kunnskap på ein ny, og effektiv måte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar