Det fins både fordelar og ulemper med å kommunisere med andre digitalt. Sylfest Lomheim er redd denne kommunikasjonsforma skal øydeleggje for den naturlege kommunikasjonen mellom folk, og folk er både einige og ueinige i denne påstanden. I ein video gjort av Nrk ser vi korleis nokre skuleelevar reagerar på denne påstanden. Sjå her.
Som ungdommane i denne videoen seier, bruker ein mykje tid på Facebook i dag. Dei fleste ungdommane som har ein Facebook-profiil er gjerne innlogga fleire timar om dagen. Når datamaskina er på, er ein gjerne innlogga på Facebook også. Og med dagens mobilar kan ein også ta med seg Facebook uansett kvar ein er.
Dei fleste brukar Facebook for å halde kontakt med vener, og å halde seg oppdatert på det som skjer rundt en. I dag vert stort sett alt som skjer oppdatert på Facebook. Kven som har gjort det bra på ei skuleprøve, kven som har tatt sertifikat og kven som reiser vekk i helga.
Dette er ein samtale eg og mamma har hatt fleire gongar:
Mamma: "Har du snakka med Helene i det siste?"
Eg: "Ja, eg snakka med ho seinast i går."
Mamma: "Kor då?"
Eg: "På Facebook"
Mamma: "Kallar du det å snakke med henne?"
Både mamma og Lomheim er skeptiske rundt dette med kommunikasjon på Facebook. Kan ein kalle det å snakke med kvarandre? Korleis kan ein eigentleg definere dette? Som Lomheim seier er ikkje mennesket skapt for å bruke all tida si på Facebook og andre sosiale media. Likevel er han open for at vi kan bruke det som eit reiskap.
Sjølv brukar eg Facebook til å halde kontakt med vener. Og då helst dei som bur andre stadar i landet, men også verda. Når ein har gått på t.d. folkehøgskule og vore på ulike sommarkurs får ein nye vener og desse bur gjerne langt unna. No har eg blant anna ei veninne i Buenos Aires, ei i Nederland, fleire vener i Russland og venner rundt om i heile Noreg. Sidan vi alle er på Facebook er det enkelt å sjå kva dei gjer på, sende ei melding eller bla gjennom fotoalbuma deira.
Men vi må, som Lomheim seier, passe på at Facebook ikkje erstattar den naturlege kommunikasjonen mellom menneske.