torsdag 1. mars 2012

"Heller Facebook enn venner"

Det fins både fordelar og ulemper med å kommunisere med andre digitalt. Sylfest Lomheim er redd denne kommunikasjonsforma skal øydeleggje for den naturlege kommunikasjonen mellom folk, og folk er både einige og ueinige i denne påstanden. I ein video gjort av Nrk ser vi korleis nokre skuleelevar reagerar på denne påstanden. Sjå her.

Som ungdommane i denne videoen seier, bruker ein mykje tid på Facebook i dag. Dei fleste ungdommane som har ein Facebook-profiil er gjerne innlogga fleire timar om dagen. Når datamaskina er på, er ein gjerne innlogga på Facebook også. Og med dagens mobilar kan ein også ta med seg Facebook uansett kvar ein er.

Dei fleste brukar Facebook for å halde kontakt med vener, og å halde seg oppdatert på det som skjer rundt en. I dag vert stort sett alt som skjer oppdatert på Facebook. Kven som har gjort det bra på ei skuleprøve, kven som har tatt sertifikat og kven som reiser vekk i helga.

Dette er ein samtale eg og mamma har hatt fleire gongar:
Mamma: "Har du snakka med Helene i det siste?"
Eg: "Ja, eg snakka med ho seinast i går."
Mamma: "Kor då?"
Eg: "På Facebook"
Mamma: "Kallar du det å snakke med henne?"

Både mamma og Lomheim er skeptiske rundt dette med kommunikasjon på Facebook. Kan ein kalle det å snakke med kvarandre? Korleis kan ein eigentleg definere dette? Som Lomheim seier er ikkje mennesket skapt for å bruke all tida si på Facebook og andre sosiale media. Likevel er han open for at vi kan bruke det som eit reiskap. 

Sjølv brukar eg Facebook til å halde kontakt med vener. Og då helst dei som bur andre stadar i landet, men også verda. Når ein har gått på t.d. folkehøgskule og vore på ulike sommarkurs får ein nye vener og desse bur gjerne langt unna. No har eg blant anna ei veninne i Buenos Aires, ei i Nederland, fleire vener i Russland og venner rundt om i heile Noreg. Sidan vi alle er på Facebook er det enkelt å sjå kva dei gjer på, sende ei melding eller bla gjennom fotoalbuma deira.

Men vi må, som Lomheim seier, passe på at Facebook ikkje erstattar den naturlege kommunikasjonen mellom menneske.

3 kommentarer:

  1. Eg synst du reflekterar fint rundt temaet om facebook som kommunikasjonsform.

    Eg har sjølv facebookprofil, men brukar den veldig lite. Det er fleire av vennane mine som har lurt på kvifor eg ikkje er meir på facebook. Eg brukar då å svare at eg rett å slett ikkje har behov for eller interesse av å bruke tid på å leggje ut alt muleg om meg sjølv slik at "alle" kan sjå det.

    Likevel synst eg facebook er ein flott arena til å kontakte/halde kontakt med venar og bekjente slik du skriv. Men "alt må brukast med måte":)

    SvarSlett
  2. Eg synast du her peikar på viktige fokusområde når det gjeld Facebook og andre sosiale medier.

    Personleg har eg trappa ned min eigen bruk av Facebook, og det blir sjeldnare og sjeldnare statusoppdateringar frå mi side. Eg brukar Facebook meir slik som du sei, for å halde kontakta med vennar som bur vekke. I tillegg brukar eg det pga eit par grupper.

    Eg synast òg at det er blitt for mykje app'ar og anna tilbehør til Facebook. Det har gjort at eg no har gått over meir og meir til Twitter.

    SvarSlett
  3. Facebook brukes i stor grad for meg også til å holde kontakt med venner som bor andre steder i landet og verden. Vi skal ikke tro vi er sosiale selv om vi er på Facebook "sammen", men jeg tror ikke vi hadde hatt like mye kontakt med våre bekjente dersom vi ikke hadde hatt Facebook.

    Det er viktig å finne en balanse, hvor man bruker talespråket til å kommunisere iblant også. :)

    SvarSlett