tirsdag 6. mars 2012

Samansette tekstar

Under den andre samlinga i DKL102 arbeidde vi med å lage animasjonsfilm. Dette var eit artig prosjekt, der vi fekk utfordra oss på nye område. Ingen av oss på gruppa hadde laga animsjonsfilm før, men vi er godt nøgde med resultatet.

Før vi kunne byrje å ta bilete til sjølve filmen måtte vi utarbeide eit manus og ein storyboard. Denne prosessen fekk eg diverre ikkje delteke i, men resten av gruppa hadde laga eit godt manus. Slik kom vi raskt i gong med fotograferinga dag to.

Dette var det vi brukte:
-Plastelina til å lage bokstavar o.l.
- Ein liten plastfigur
- Linjal
- Farga papir
- Kamera
- Kamerastativ
- Mikrofon
- MovieMaker

Under fotograferinga av dei ulike "scenene" støytte vi på nokre få problem. Blant anna seig kamerastativet vårt slik vinkelen ikkje vart heilt lik på alle bileta. I tillegg fekk vi litt problem med å synkronisere lyden og filmen akkurat slik vi ville då vi redigerte det heile. Men alt i alt er vi nøgde med resultatet som du kan sjå her:

 

Å lage animasjonsfilm var både kjekt og lærerikt. Vi oppdaga etter kvart kva vi kunne ha gjort annleis, og korleis vi kunna forbetra filmen vår. Dermed har vi lært av våre feil, slik vi kan unngå å gjere dei same feila seinare. Å arbeide kreativt på denne måten er inspirerande og lærerikt. Programmet MovieMaker kan lastast ned utan kostnad og deil fleste skular har eit (eller fleire) digitalkamera som elevane kan nytte. Då er det berre fantasien som set grenser!

2 kommentarer:

  1. Fin film. Denne samlinga opplevde eg som svært læringsrik, for det å kunne teste ut dette i praksis gjer at eg stiller meg positiv til å teste ut dette i undervisninga. Denne måten å arbeide på er kreativt for både elevane og læraren.

    SvarSlett
  2. Heilt enig med Susanne. Dette var en artig og lærerik samling. Synes vi fikk til en fin filmsnutt, som kan være lærerik og informativ for yngre elever. Artig å kunne arbeide på en litt alternativ måte, noe som også kan bidra til økt motivasjon i timene.

    SvarSlett