torsdag 19. april 2012

RSS og podkastar

I leksjonen om Informasjonskompetanse vart vi introduserte for RSS. Det er ei forkorting for Really Simple Syndication og er teknologi som gjer det mogleg å abonnere på innhald frå ulike nettstadar. Som Ivar John Erdal seier i leksjonen om Informasjonskompetanse kjem innhaldet til deg, slik ein ikkje treng å oppsøkje det. Slik kan ein overvake store mengder informasjon på relativt kort tid.

Med RSS kan ein blant anna abonnere på nettaviser og bloggar. Dersom elevane opprettar eigne studiebloggar, kan dei deretter abonnere på dei, og slik ha oversikt over nye innlegg som vert publiserte.

I tillegg til å abonnere på nettaviser og liknande, kan ein også abonnere på podkastar. Nrk har ei rekkje radioprogram som kan abonnerast på. Her finn ein alt frå bokprogram, nyhender, samfunnsprogram og dokumentarar. Sjølv har eg akkurat oppdaga at dette er mogleg, og har no byrja å abonnere på program eg synest er både lærerike og underhaldande. 


Her kjem nokre døme på kompetansemål der podkastar kan nyttast i arbeidet. 

Naturfag etter 7.trinn:
- forklare kva som skjer under puberteten og samtale om ulike kjønnsidentitet og variasjon i seksuell oientering

Her kan programmet Juntafil takast i bruk. Dette programmet tek for seg spørsmål rundt ungom sin kropp, seksualitet og kjensler, og dei har legar som svarar på spørsmål frå lyttarane.


Norsk etter 10.trinn: 
- delta i utforskande samtalar om litteratur, teater og film
- gjere greie for nokre kjenneteikn ved hovudgrupper av norske talemål
-  forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske skriftspråk og gjere reie for språkdebatt og språkleg variasjon i Noreg i dag

Podkastar som Diktafon, Bok i P2 og Språkteigen er alle program som kan nyttast her. NRK skildrar Diktafon som Noregs einaste radioprogram om poesi, Bok i P2 inneheld anmeldingar, intervju og reportasjar om norske og utanlandske bøker og i Språkteigen kan ein høyre om nye og gamle ord, ny forsking og rare språkfenomen.


Samfunnsfag i vidaregåande opplæring:
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg og drøfte fleirtalsdemokratiet i forhold til urfolk og minoritetar
- identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader  

Innanfor dette området finn vi programmet Politisk kvarter som inneheld intervju, kommentarar og analyser. Slik får elevane eit innblikk i dagens politikk i det norske samfunn.

Her har eg samla døma i Nettvibes, eit program der ein kan abonnere på RSSar. 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:

Kompetansemål:

Programskildringar er alle henta frå NRK si podkastoversikt: http://www.nrk.no/podkast/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar