fredag 11. november 2011

Lyd som arbeidsmetode

Som musikar synest eg delemnet om lyd var utruleg kjekt og interessant. No har eg lært korleis eg skal redigere lyd i gratisprogrammet Audacity, og har allereie brukt det mykje. Eg har tatt opp meg sjølv når eg har stått på øverommet med ein berbar opptakar. Etter øvingsøkta har eg gått heim og haurt på opptaket. Då har eg lytta og funne ut kva eg kan gjere annleis og betre neste øvingsøkt. Eg har måtta lytta med det kritiske øyret, og har slik vorte min eigen lærar.


Denne arbeidsmetogen kan også brukast i skulen. Spesielt i språkopplæring og lesetrening gir det meirverdi å arbeide med lyd. I staden for å lese lesetestane til læraren eller medelevar, kan eleven no ta opp desse testane. Deretter kan dei lagrast i kvar elev si digitale portefølje. No kan elevane og heimane enkelt følgje med på elevens progresjon. Ved å bruke digitale porteføljer kan ein også opne for elev-elevvurdering som ein del av arbeidet.  

Vi ser også at å arbeide med lyd er med på å stimulere elevane sine visuelle og kinetiske sansar. I tillegg motiverar det elevane og skaper ny lærelyst, sidan arbeidsmetoden er forholdsvis ny og spananade. Alle har forskjellige læringsstrategiar og det fins ikkje noko klart svar på korleis menneske lærer, men vi veit at ved hjelp av lydopptak, musikk, video, skrift, bilete og munnleg framføring kan ein bringe kunnskapen med seg inn i nye læringsprosessar (Karlsen og Wølner, 2006, s.18).

Det er sjølvsagt ikkje berre berre å arbeide med lyd i skulen. For at elevane skal få fullt utbytte av arbeidsmetoden er det viktig at lærarane har den kunnskapen dei treng for å kunne veilede elevane. Difor er det viktig at vi som tek dette DKL-studiet tek vare på kunnskapen vi no sit inne med, og ikkje vert redde for å bruke den når vi kjem ut i undervisninga.
 ------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Høiland, T og Wølner, T.A.(2007) Fra digital ferdighet til kompetanse: om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen (1.utg.) Oslo: Gyldendal Akademisk

1 kommentar:

  1. Ser synet ditt om å bruke lyd som elev-elevvurdering. Det hadde vært et godt hjelpemiddel både for lærer og elev. Men også det med at læreren må ha kompetanse før man setter i gang med lyd.

    SvarSlett