Denne leksjonen har dreia seg om bruk av regneark. Sjølv har eg aldri brukt dette programmet som ein del av undervisninga i min eigen skulekvardag. Dette har nok mange forklaringar, men det kjem nok mykje av mangel på kunnskap og kreativitet frå lærarane si side. På vidaregåande hadde vi som elevar tilgong til både berbare datamaskiner og Microsoft Excel som ein del av Microsoft Office-pakken, så det var ikkje utstyret det stod på.
På grunn av lite kunnskap har eg no bevega meg ut på utrygg is. Men det hindrar ikkje meg! I tillegg til leksjonane og oppgåvene der, fann eg eit idèhefte til Excel på Norsk Nettskole sine sider. Der låg det mange ulike oppgåver og tips til korleis ein kan bruke dette programmet. Her har eg no leika meg litt med enkle oppgåver for å bli betre kjend med programmet.
Mange trur at ein berre kan bruke regneark i matematikk-faget. Men i følgje Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsløftet (LK06) skal elevane kunne å bruke digitale verktøy, så kvifor ikkje trekke inn regneark i fleire fag? Det er ikkje noko anna enn fantasien som set grensene her. (Iallefall nesten.)
Ofte er kostnadane eit problem. Men som Høiland og Wølner (2007) seier, skal inngangsterskelen til programma skal vere lav og prisantydninga nær gratis. Dermed kan alternativa Open Office Calc og Google Spreadsheet brukast i skulen utan dei store kostnadsutgiftene.
Sjølv om bruken av regneark i dag er mest aktuell for ungdomsskule- og vidaregåandeelevar, er det ikkje noko i vegen for å ta det i bruk allereie på barneskulen. Ein må bere passe på å ikkje gjere det for avansert. Ein kan for eksempel arbeide med addisjon og substraksjon i matematikkfaget. Men det er ikkje berre i matematikk regneark er aktuelt.
I framadspråk som engelsk og tysk kan ein lage glosetestar. I naturfag kan ein samle informasjon frå ulike forsøk og undersøkingar. Ein kan for eksempel samanlikne befolkning, levealder osv. i ulike land. Kroppsøving er eit fag der det kan verke vanskeleg å trekkje inn digitale verktøy. Men her kan ein bruke regneark til å samle klasseresultat frå ulike idrettsaktivitar som t.d lengdehopp og 60-meter. Ein kan også la elevane lage eigne treningsprogram og la dei følgje eiga utvikling gjennom resultatskriving i dette programmet.
Regneark kan altså brukast til mykje meir enn berre matematikk. Her gjeld det å vere kreativ som lærar, men likevel hugse på at det skal gi meirverdi. Programmet skal integrerast der det kjennest naturleg. For å få til dette må kanskje lærarane våge å sleppe litt av kontrollen?
-------------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder:
Excel - Idèhefte, henta 20.11.11, frå http://matematikk.norsknettskole.no/excel/
Høiland, T og Wølner, T.A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse (1.utg.) Gyldendahl akademisk
Grunnleggende ferdigheter for grunnskolen, henta 20.11.11, frå http://www.udir.no/Lareplaner/Grep/Modul/?gmid=2&v=5
Interessant innlegg. I innleiinga nemner du at læraren si mangel av kunnskap og kreativitet heng mykje saman med at verktøyet rekneark blir lite teke i bruk i undervisninga og at dette har påverkar deg vidare i skulesamanheng. Dette trur eg har mykje med å gjere at ein som elev ikkje ser verdien av å nytte dette verktøyet. Det er difor viktig at ein som lærar legg opp til kreative undervisningsøkte ved bruken av rekneark. Læraren kan til dømes vise dette ved å bruke rekneark i ulike fag og legge vekt på hendingar i kvardagen der ein vil ha bruk for dette. På denne måten vil elevane kanskje forstå at rekneark er meiningsfullt og at det vil gje meirverdi.
SvarSlettEg tykjar at du har fått med masse bra i dette innlegget. Eg tykjer dei forskjellige forslaga du har komen med til korleis vi kan bruke excel/rekneark i fleire fag enn bare matte. Fordi det er sannt som du seier at den kan brukast som veldig mykje anna enn til berre matte. Eg trur at om ein først satsar litt på å bruke rekneark og tar det i bruk i forskjellige fag at elevane fort kan sjå meirverdi og seinare ta det i bruk utan at dei må.
SvarSlett