fredag 13. januar 2012

Wikispaces om sosiale media

I fyrste samling på DKL102 har vi arbeida med sosiale media. Vi har oppretta ein eigen Wiki der vi har drøfta tre ulike sosiale media.

Vi fekk i oppgåve å melde oss inn i tre ulike sosiale nettsamfunn.  Alle måtte melde seg inn i Del og bruk, i tillegg valde vi Youtube og Facebook.

Desse tre nettsamfunna er ulike på fleire måtar. Del og bruk er eit nettverk for og av lærarar, pedagogar, forskarar, bibliotekarar og andre som interesserar seg for sosial web, IKT og skule. I dette nettverket kan ein dele erfaringar, auke sin eigen digitale kompetanse og få inspirasjon til korleis ein skal utnytte denne. Ein kan dele denne infromasjonen gjennom ulike forum, ein chat og ein intern wiki.

Sida verka i starten litt overveldande og vanskeleg å navigere på. Ein kan verte nokså forvirra i alt mylderet av innlegg og kommentarar som ligg på sida, men etter kvart som ein blir kjend med den skjønar ein korleis den fungerar. Då kan ein finne masse nyttige og relevante tips til akkurat det ein er på jakt etter.

Youtube er nok ein nettstad dei fleste forbindar med underhaldning, sidan ein her kan finne videoar av alt mogleg. Likevel er det mange som publiserar ulike instruksjonsvideoar. No kan ein blant anna lære å sminke seg, spele gitar eller snakke eit nytt språk ved hjelp av små videosnuttar. Nettstaden har ikkje moglegheit for direkte kommunikasjon mellom brukarane, men alle videoane har eit kommentarfelt der ein kan kommentere innhaldet i videoen eller andre ting ein lurer på.

I mars 2012 hadde Facebook 2 627 700 norske brukarar. (halogen.no) Difor treng nettstaden neppe noko nærmare skildring. Dei fleste brukar Facebook til å halde kontakt med vener og familie, publisere bilete, videoar og statusoppdateringar. Men Facebook kan også brukast på ein fagleg måte. Ein kan blant anna opprette sider for ulike personar og ein kan "like" og følgje offentlege personar, t.d. statsministaren Jens Stoltenberg. I tillegg kan ein opprette lukka grupper for klassa eller mindre grupper innad i klasser der ein kan samarbeide om ulike tema.


Ei stor utfordring med bruk av Facebook er at det er kort veg frå det faglege til det sosiale. Om ein skal bruke Facebook i undervisninga er det viktig å vere klar på at det skal brukast fagleg. Som elev (og lærar!) er det enkelt å spore av på denne nettstaden. Det enkelt å navigere på sida, og det skjer noko nytt.


Her er wikien vi oppretta: http://fredagdkl.wikispaces.com/ Her står det også meir om dei ulike nettstadane.

------------------------------------------------------------------------------------------
Kjelder: 

Norske brukere i sosiale media henta frå http://www.halogen.no/tjenester/losninger/sosiale-medier/norske-brukere-i-sosiale-medier/ 6.5.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar