fredag 18. november 2011

Biletredigering

I forbindelse med den eine mappeoppgåva vi på DKL-studiet skulle levere inn, skulle vi vise at vi kunne ta i bruk biletredigeringsverktøy. Eg valde å gå ut i frå diktet "Regn" av Sigbjørn Obstfelder, og tok difor bilete av skyene som var heilt fantastiske på himmelen denne dagen.



Dette er biletet eg tok utgangspunkt i når eg skulle redigere.Redigeringa vart gjort i nettredigeringsverktyet Picnik.



Her ser vi at biletet er beskjert for å fjerne tretoppar i bunn og den svarte flekken i det øvste høgre hjørne. I tillegg brukte eg auto-fix som gav biletet meir detaljar og lysare fargar. Til slutt justerte eg også på skarpheita i biletet som gjorde at treet vart mykje skarpare og kom meir i fokus.




-------------------------------------------------------------------------------------------------
Lenkje om du vil lese diktet: http://www.minskole.no/minbarnehage/sh-sv/pilot.nsf/ntr/287FF6C907F9545EC12575AB002CDA28/$FILE/Regn.pdf

2 kommentarer:

  1. Jeg synes dette var svært god redigering av bildet! Dette er et godt eksempel på hvor mye man kan forbedre/ gjøre med et bilde etter at det er tatt! Det var fint at du forklarte hva du hadde gjort i etterbehandlingen av bilde, slik kunne jeg følge med på din behandling av bilde og på den måten tydeligere se forbedringen.

    Kunne du kanskje ha beholdt noe av den dramatikken som ligger i orginalen i bildet, og på den måten få det til å illustrere diktet bedre? Etter behandlingen ble bildet lysere og været virker også lettere.

    SvarSlett
  2. Flott bilde! Liker at du skrive korleis du har redigert bilde, og det viser kor mykje betre eit bilde kan blir av små justeringer.

    Eg tykjer bilete passer veldig godt til diktet, men kansje om du hadde fått med litt meir himmel og litt mindre tred for og få himmelen litt meir i fokus at det hadde passa enda betre. Då hadde vi kansje fått meir fokus på dei tunge skyane.

    SvarSlett